Fotokveld med Jan Stokstad og Kjell Stålevik

Kjell StålevikFjellmuseets venner inviterar til fotokveld med Jan Stokstad og Kjell Stålevik i auditoriet på Norsk Fjellmuseum onsdag 4. februar kl. 18.30. Jan er reingjetar i Lom Tamreinlag.  Få kjenner Jotunheimen og livet der betre enn han. Kjell er ein særs dyktig naturfotograf. Eit av yndlingsmotiva hans er villreinen i Reinheimen. Dei vil fortelja og vise bilete frå livet i fjellet.

Alle er velkomne til ei stemningsfull og interessant kveld på fjellmuseet!
Inngang kr. 100,-
Enkel servering.

12 mai opnar ei felles salgsutstilling med Jan Stokstad og Kjell Stålevik på Norsk Fjellmuseum.

Stemningsfull utandørs filmkveld

Norsk Fjellmuseum si markering av opninga av Friluftslivets år vart stemingsfulle timar framom bål og filmlerret utanfor fjellmuseet. Takk til alle som kom og delte kvelden med oss. Dette kan vi tenkje oss å gjera fleire gonger! Les meir

Skiseminar 11.-15. november 2015

I november arrangerar vi seminar for skiinteresserte, historieinteresserte og faginteresserte. Vi held skikurs der ein kan lage sin eigen kopi av Reinheimenskia, eller ein kopi av ski/truge frå Lendbreen. Det blir skihistorie, foredrag og filmar om jakt på ski, nasjonal og internasjonal skihistorie, frikøyring og skileik. Det blir skitur for å teste den fyrste snøen og sjølvsagt afterski. Les meir

Kjortelen frå jernalderen blir rekonstruert

separering av ullAnalysar av ulla som vart brukt i kjortelen frå Lendbreen syner at ulla var grundig separert før ho vart spunne. Det meste av dei lange og grove dekkhåra var fjerna slik at nesten berre mjuk botnull var att.

Les meir

Samlingane ved Norsk Fjellmuseum

Bilde av Slingsby som ung. Foto: Norsk FjellmuseumI 2013 sette fjellmuseet i gang arbeidet med revidering av hovudutstillinga som da hadde stått sia 1994, og i 2014 starta arbeidet med ny strategiplan. Arbeid med samlingane har ein sentral plass i begge desse prosessane og gjev oss verdifull kunnskap om mange av dei tema vi ynskjer å formidle her på museet.

Les meir

m4s0n501